Heilt kyllinglår frå økologiske, saktevaksande fuglar på Homlagarden på Jæren. God plass, uteliv og naturleg fôr gir sterk muskulatur og kjøt med meir struktur og djupare smak enn vanleg kylling.
Låret er den mest saftige delen av fuglen. Her finn du både mørkt kjøt og naturleg feitt som gir kraft og fylde. Perfekt i omn, på grill eller langtidssteikt til kjøtet slepp beinet.
Dette er kylling som toler varme, tid og enkle råvarer. Du treng ikkje mykje krydder. Smaken er der frå før.
Ekte råvarer – ekte smak.





Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.