Kjøpsbetingelser

Desse salgsbetingelsane gjeld for kjøp gjort i nettbutikken til Miriams Gard og Hav, heretter kalla Miriams. Ved å gjennomføre eit kjøp stadfestar du at du har lese og akseptert vilkåra.

1. Om verksemda

Seljar er:

Miriams Gard og Hav
avdeling under Bømlo Hundepensjonat AS
Adresse: Giljevegen 225, 5430 BREMNES
E-post: post@miriams.no

Organisasjonsnummer: 916 769 830 MVA

2. Avtaleinngåing

Ein kjøpsavtale er bindande når du har fullført bestillinga og mottatt stadfesting på e-post. Dersom det oppstår feil i pris eller informasjon som du burde ha forstått var feil, tek vi kontakt før ordren blir gjennomført.

3. Pris og betaling

Alle prisar er oppgitt i norske kroner og inkluderer meirverdiavgift der dette er relevant. Eventuelle kostnader for levering eller henting kjem fram før bestillinga blir stadfesta.

Betaling skjer via dei betalingsløysingane som er tilgjengelege i nettbutikken.

4. Produkta

Miriams sel i hovudsak råvarer og matprodukt, mange av dei sesongbaserte og ferske. Utval, mengde og utsjånad kan variere noko ut frå tilgang og naturlege forhold. Produktbilete er illustrerande.

5. Levering og henting

Vi tilbyr lokal levering og eventuelt henting etter nærare avtale. Informasjon om leveringsmåte og tidspunkt blir gitt i samband med bestilling. Leveringstid kan variere, særleg for ferskvarer og sesongprodukt. Hjemlevering gjelder kun på Bømlo.

6. Angrerett

Forbrukar har som hovudregel angrerett etter angrerettlova.

Angreretten gjeld likevel ikkje for varer som raskt kan bli dårlege eller forelda, slik som ferske matvarer. Dette følgjer av angrerettlova § 22.

Nærare informasjon om angrerett og eventuelle unntak kjem fram av eiga side om retur og reklamasjon.

7. Reklamasjon og retur

Reglar for reklamasjon og retur følgjer forbrukarkjøpslova og er nærare forklart i eiga tekst på nettsida vår.

8. Personopplysningar

Vi behandlar personopplysningar i tråd med gjeldande personvernlovgiving. Meir informasjon finn du i personvernerklæringa vår.

9. Kontakt og klager

Dersom du har spørsmål, treng hjelp eller ønskjer å klage på eit kjøp, ber vi deg ta kontakt med oss på post@miriams.no

Dersom vi ikkje kjem til semje, kan du også ta saka vidare til Forbrukartilsynet eller Forbrukarklageutvalet.

Handlekurv