Myrdal Fjellost er ein fast kumelkost, modna i minst ni månader. God råvare, roleg modning og stabile forhold gir ein ost med djup, moden og rund smak.
Han passar godt på brødskiva, gjerne saman med eit glas raudvin, men kjem også verkeleg til sin rett i varme rettar. Den intense smaken og gode smelteevna gjer han særleg godt eigna til gratinering, matlaging og på burger.
Myrdal fjellost vart tildelt gullmedalje i oste-VM 2023.
Oppbevarast lufttett i kjøleskap ved 2–4 °C.






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.