Høyrygg frå Vestland storfe – utegåande, grasfôra dyr kjøpt direkte frå lokal bonde og foredla hos godkjend slaktar. Eit smakfullt og feittmarmorert stykke kjøt med mykje bindevev og djup, kraftig storfesmak.
Høyrygg kjem frå framdelen av dyret og er perfekt til rettar som får tid. Når kjøtet får småkoke eller langtidssteikje, bryt bindevevet seg ned og gir eit saftig, mørt og aromatisk resultat. Dette er stykningsdelen for gryter, kjøtsuppe, pulled beef eller klassisk norsk lapskaus.
Vestlandsk oppvekst med rørsle i bratt terreng gir kjøt med struktur og karakter. Det merkar du når krafta kokar og smaken byggjer seg opp i gryta. Høyrygg toler lange tilberedningstider og gir att med fylde og kraft.
Eit ærleg og robust stykke norsk storfekjøt. Kortreist, handtert med respekt for både dyr og råvare.
Ekte råvarer – ekte smak.






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.