Brisket frå Vestland storfe – utegåande, grasfôra dyr kjøpt direkte frå lokal bonde og foredla hos godkjend slaktar. Eit kraftfullt og feittmarmorert stykke kjøt frå bringa, med mykje smak og rikeleg med struktur.
Brisket er skapt for låg temperatur og god tid. Når kjøtet får langtidssteikje eller røykast over fleire timar, bryt bindevevet seg ned og gir eit saftig, mørt og smaksrikt resultat. Dette er stykningsdelen for deg som tek mat på alvor og let prosessen vere ein del av opplevinga.
Vestlandsk oppvekst i bratt terreng gir kjøt med karakter og djupne. Feittet smeltar sakte og held kjøtet saftig, medan smaken byggjer seg lag for lag. Resultatet er skiver eller trådtrekt kjøt med intens storfearoma og naturleg fylde.
Eit robust og ærleg stykke norsk storfekjøt. Kortreist, handtert med respekt for både dyr og råvare.
Ekte råvarer – ekte smak.






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.