Flank steak frå Vestland storfe – utegåande, grasfôra dyr kjøpt direkte frå lokal bonde og foredla hos godkjend slaktar. Eit smakfullt og grovfibra stykke kjøt med tydeleg struktur og djup storfearoma.
Flank steak kjem frå buken og er magrare enn ryggstykkene, men rik på smak. Vestlandsk oppvekst med rørsle i bratt terreng gir kjøt med fast struktur og naturleg karakter. Dette er stykningsdelen for deg som vil ha ekte kjøtkjensle på tallerkenen.
Nøkkelen ligg i tilberedninga: Steik raskt på høg varme, ikkje for lenge, og la kjøtet kvile godt. Skjer alltid i tynne skiver på tvers av fiberrretninga, då får du eit saftig og mørt resultat. Perfekt til grill, asiatisk inspirerte rettar, fajitas eller som skore biff med ein frisk salat.
Eit ærleg og smakfullt alternativ til dei klassiske biffane. Kortreist norsk storfekjøt, handtert med respekt for både dyr og råvare.
Ekte råvarer – ekte smak.






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.