Bogplomme frå Vestland storfe – utegåande, grasfôra dyr kjøpt direkte frå lokal bonde og foredla hos godkjend slaktar. Eit smakfullt og saftig stykke kjøt frå bogen, med god struktur og naturleg marmorering.
Bogplomme er ein del av framdelen og har meir arbeid i muskelen enn ryggstykkene. Det gir kjøt med karakter og djup storfesmak. Rett tilberedt blir det mørt, saftig og fullt av kraft. Dette er eit utmerka val til langtidssteiking, gryter eller som saftig surresteik.
Når kjøtet får tid på låg varme, bryt bindevevet seg ned og gir ei rik kraft og fyldig smak. Vestlandsk oppvekst i bratt terreng gir struktur i kjøtet, noko som gjer bogplomme særleg godt eigna til rettar som får utvikle seg over tid.
Eit ærleg og robust stykke norsk storfekjøt. Kortreist, handtert med respekt for både dyr og råvare.
Ekte råvarer – ekte smak.






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.