Om oss

Miriams Gard og Hav handlar om ekte råvarer, godt handverk og mat som kjem frå folk som bryr seg. Her møtest jord og hav – og kvalitet i alle ledd.

ME HAR EITT MÅL:

gjere det enkelt å velje ekte mat

Miriams Gard og Hav handlar om gode råvarer, godt handverk og eit ønske om å løfte fram maten som betyr noko. Me samarbeider med bønder, fiskarar og små produsentar som deler verdiane våre: respekt for naturen, omtanke for dyra og stoltheit i faget. Kvar vare har ei historie, og me vel berre det som er produsert med integritet og kunnskap.

Me ønskjer å gjere det enkelt å velje mat som smakar meir, og som kjem frå menneske som bryr seg om det dei skapar. Difor tilbyr me alt frå kjøt og vilt til fersk sjømat, grønsaker, urter og handbaka bakst. I tillegg har me små utval frå produsentar me kjenner og stolar på, folk som set kvalitet høgare enn snarvegar.

Alt du finn hos oss er valt ut med same tanke: rein smak, ekte kvalitet og trygg mat frå jord og hav. Me vil løfte fram dei gode råvarene, dei gode vala og dei gode smakane – og gjere det lettare for deg å fylle både kvardag og høgtid med mat som betyr noko.

Kva me står for

Vårt oppdrag er å gjere det enkelt å velje ekte mat – råvarer som er dyrka, fanga og foredla med respekt for naturen, dyra og menneska som står bak. Me jobbar tett med produsentar som deler våre verdiar, og vel kvar vare med omtanke.

For oss handlar dette om meir enn å selje mat; det handlar om å løfte fram handverk, tradisjon og gode val som gjev tryggleik og reinare smakar. Me ønskjer å bygge ei tillitsfull verdikjede der du veit kor maten kjem frå, og kjenner kvaliteten i kvar bit. Slik vil me skape matopplevingar som gjer godt – for kroppen, for lokalsamfunnet og for naturen me lever av.

Miriams Gard og Hav er registrert hos Fiskeridirektoratet og har både kjøps- og salsløyve. Me er òg registrerte hos Mattilsynet og har tett og god dialog med etatane – noko som sikrar tryggleik og kvalitet i alle ledd.

Me tek imot fersk fisk frå registrerte fiskarar med gyldig salsløyve. Fisken blir levert til mottaket vårt på Bømlo, og all omsetnad skjer gjennom Vestlandske Salslag. Handtering, lagring og sal følgjer gjeldande regelverk og skjer på ein lovleg og trygg måte.

Alt kjøtt og viltkjøtt blir levert til og foredla hos autorisert slakter. Jegeren er registrert og har kjøpsløyve, slik at også denne delen av produksjonen oppfyller alle krav til sporbarheit og matsikkerheit. Hos oss kan du kjøpa og nyta sjømat, kjøtt og sesongvarer – også julatorsk – med godt samvit.
Når noko skal gjerast, gjer me det skikkeleg.

Handlekurv