Miriams Gard og Hav er behandlingsansvarleg for handsaming av personopplysningar slik det er skildra i denne personvernerklæringa.
Vi tek personvern på alvor, og samlar berre inn opplysningar som er nødvendige for å drive nettbutikken vår og levere varer til kundane våre på ein trygg og god måte.
Denne personvernerklæringa gjeld for: https://www.miriams.no
Kva slags personopplysningar vi samlar inn
Når du handlar hos oss eller tek kontakt, kan vi behandle følgjande opplysningar:
- Namn
- Adresse
- Telefonnummer
- E-postadresse
- Bestillings- og leveringsopplysningar
- Betalingsinformasjon
- (merk at kortopplysningar blir handsama av vår betalingsleverandør, ikkje lagra hos oss)
- Enkel brukarinformasjon frå nettsida, som kva sider som blir besøkte og teknisk informasjon om eininga du bruker
Vi brukar òg informasjonskapslar (cookies) for å få nettbutikken til å fungere som han skal. Du kan lese meir om dette i vår eiga cookie-erklæring: https://miriams.no/informasjonskapslar/
Opplysningane blir som hovudregel samla inn direkte frå deg.
Kvifor vi samlar inn og bruker opplysningane
For å kunne ta imot bestillingar og levere varer
Vi behandlar personopplysningar for å kunne handtere bestillingar, betaling og lokal levering av varer.
Rettsleg grunnlag: nødvendig for å oppfylle avtale.
Kundeservice og oppfølging
Vi bruker kontaktopplysningane dine for å svare på spørsmål, gi informasjon om bestillingar og løyse eventuelle problem.
Rettsleg grunnlag: nødvendig for å oppfylle avtale.
Drift og forbetring av nettbutikken
Vi analyserer enkel bruk av nettsida for å forbetre funksjon, innhald og brukaroppleving.
Rettsleg grunnlag: berettiga interesse.
Rekneskap og lovpålagde plikter
Vi lagrar nødvendige opplysningar i tråd med bokføringslova og andre relevante regelverk.
Rettsleg grunnlag: rettsleg plikt.
Deling av personopplysningar
Vi deler ikkje personopplysningar med andre enn det som er nødvendig for å drive nettbutikken, til dømes:
- betalingsleverandør
- frakt- og leveringsløysingar
- tekniske driftstenester for nettsida
Alle slike leverandørar er forplikta til å ta vare på personvernet ditt.
Kor lenge vi lagrar opplysningane
Vi lagrar personopplysningar så lenge det er nødvendig for føremåla dei blei samla inn for, eller så lenge vi er pålagde det etter lov. Opplysningar som ikkje lenger er nødvendige, blir sletta.
Dine rettar
Du har rett til å:
- få innsyn i kva opplysningar vi har om deg
- få retta feilaktige eller ufullstendige opplysningar
- be om sletting av opplysningar, der vi ikkje er lovpålagde å lagre dei
- protestere mot eller be om avgrensing av handsaming
- få utlevert opplysningane dine i eit maskinlesbart format
For å bruke rettane dine, ta kontakt med oss på: post@miriams.no
Klage
Dersom du meiner vi ikkje handsamar personopplysningar i tråd med regelverket, set vi pris på at du tek kontakt med oss først.
Du har også rett til å klage til Datatilsynet.
