Utsalet​

Ta turen innom utsalet vårt på Stord. Her finn du gode råvarer frå gard, hav og skog – og stadig noko nytt etter sesong og tilgang.

Velkomen innom oss på Stord​

I utsalet vårt på Stord finn du gode råvarer frå gard, hav og skog – samla på éin stad. Her finn du både kvardagsfavorittar og litt meir spesielle råvarer, og utvalet vil variere gjennom året etter sesong og kva vi får inn.

Vi ønskjer at det skal vere enkelt å handle gode råvarer, anten du veit akkurat kva du er ute etter, eller berre vil sjå kva som har kome inn denne veka.

Litt meir
enn berre mat

I utsalet finn du også eit lite utval av gåver og produkt med lokal tilknyting. Her er mellom anna handlaga treprodukt, skinn og andre småting som passar både til eige bruk og som gåve. Utvalet vil variere etter kva vi har inne.

Opningstider

Måndag 14.00–18.00

Tysdag 14.00–18.00

Onsdag 14.00–18.00

Torsdag 14.00–20.00

Fredag 14.00–20.00

Laurdag 11.00–20.00

Søndag 11.00–16.00

Du finn oss på Stord

Adresse: Rundehaugen 19, 5412 Stord.
Tlf: 986 07 339

Handlekurv