Retur
Varene våre er mat og ferskvarer. Det betyr at dei som hovudregel ikkje er omfatta av angreretten, jf. angrerettlova § 22, fordi dei kan bli dårlege eller har kort haldbarheit.
Dersom du likevel angrar på eit kjøp, ber vi deg ta kontakt med oss så raskt som mogleg på e-post eller telefon. I enkelte tilfelle kan vi godta retur som ein service, men dette må avklarast med oss på førehand.
Eventuelle varer som vert returnerte må:
– vere uopna
– ha heilt intakt emballasje
– vere forsvarleg pakka
Merk at ferskvarer ikkje kan bli liggjande i posten. Retur utan avtale vert ikkje refundert. Kunden betaler sjølv returfrakt dersom returen ikkje skuldast feil frå vår side.
Reklamasjon
Dersom det er feil eller mangel ved ei vare, til dømes at ho er skadd, feil levert eller ikkje held forventa kvalitet, har du rett til å reklamere i tråd med forbrukarkjøpslova.
Reklamasjon må meldast til oss innan rimeleg tid etter at feilen vart oppdaga, og helst så snart som mogleg. Ta kontakt med oss og legg gjerne ved bilete og kort forklaring, slik at vi raskt kan vurdere saka.
Ved godkjend reklamasjon vil vi, etter ei konkret vurdering:
– erstatte varen
– gi prisavslag
– eller refundere beløpet
Reklamasjonsretten gjeld ikkje dersom feilen skuldast feil lagring eller handtering etter at varen er levert til kunden.
Kontakt
Ved spørsmål om retur eller reklamasjon, ta kontakt med oss på
e-post: post@miriams.no
telefon: 986 07 339
Vi ønskjer å vere ryddige og rettferdige, og finn som regel ei løysing saman.
