Villsvin

Villsvin frå svenske skogar

Dette er ikkje oppdrett. Dette er vilt.
Villsvinet har levd fritt i svenske skogar i 1,5 år, ete røter, nøtter og det naturen byr på. Eit liv i rørsle gir mørkare kjøt, fastare struktur og ein djupare smak enn vanleg svin. Dyret er felt under regulert jakt av erfaren jeger frå Trøgstad og handtert med respekt frå skog til kjølerom.
Alt kjøt er trikintesta og kontrollert før det kjem til sal. Det er ein naturleg del av arbeidet med viltkjøt, og ei viktig kvalitetssikring for deg som kunde. Vidare bearbeiding og nedskjering er gjort med fokus på reinheit, sporbarheit og handverk.
Smaken ligg mellom svin og klassisk vilt, men utan den tunge viltsmaken mange forbinder med elg og hjort. Resultatet er kjøt med kraft, karakter og eleganse.
Dette er råvarer for deg som vil ha noko meir enn standard.
Frå skog til tallerken. Ekte. Reint. Eksklusivt.
Handlekurv