Bakst
Bakst frå Miriams er ekte handverk med smak av tradisjon. Produkta kjem i hovudsak frå Bakstehuset på Spissøy, der fem søstre inspirert av bestemors oppskrifter skapar mat med karakter og smak.. Eit lite bakeri der surdeig, godt mjøl og tid får gjere jobben slik det skal gjerast.
Brøda våre er laga på gamlemåten med naturleg surdeig, lang hevetid og godt korn. Surdeigsbrød utviklar smak og struktur over tid, og gir eit brød som er både saftig og lett å fordøya — ei tradisjon som går tusenvis av år attende.
Her finn du mellom anna Siggjo brød og speltbrød med god struktur og djup smak, laga med naturleg surdeig og lang hevetid. Det gir saftig krumme, sprø skorpe og brød som held seg godt. Baguetter og focaccia er perfekte til både suppe, sjømat og spekemat – enkle råvarer som løftar eit måltid utan å ta over.
For dei som vil ha noko mjukare, har vi gulrotbrød med naturleg sødme og saftig konsistens, og kanelknutar som luktar nysteikt og smakar akkurat slik dei skal – ekte, enkle og utan unødvendige snarvegar.
God bakst handlar om meir enn mjøl og vatn. Det handlar om råvarer, handverk og respekt for prosessen. Vel du bakst frå Miriams, vel du surdeigsbrød og handlaga bakverk med karakter. Ekte råvarer – ekte smak.
